Skatterevisorenes Forenings medlemmer er en del av Norges uunnværlige     Utdrag fra Dei er Noregs uunnverlege (unio.no): "Dei tenestene offentleg sektor produserer, er like viktig for verdiskapinga i samfunnet som verfta, oljen og all anna næring. Likevel er det ei sterkt oppfatning at privat sektor skaper verdiane, medan offentleg sektor forbrukar dei. Dette er ei smal oppfatning av verdiskaping, som på sikt kan gjere oss fattigare.   Arbeidsplassane i offentleg sektor har ikkje ei inntektsside på same måte som bedrifter i privat sektor, men er likevel uunnverlege for verdiskapinga i Noreg. Tenestene i offentleg sektor gir bedriftene friskare og meir kompetent arbeidskraft. Koronakrisa er eit godt døme på at det er avgjerande viktig med ein solid offentleg sektor. Der finn vi dei som har stått i første linje i kampen mot viruset, ofte utan smittevernutstyr og med ekstra lange arbeidsdagar. Sjukepleiarane har redda liv. Lærarane i skular og barnehagar har jobba hardt for at barn og elevar får eit forsvarleg tilbod, og sørga for at kvardagen kan fungere så normalt som mogleg i arbeidsliv og familieliv. Politiet har også i pandemien vore ein garantist for tryggleiken vår. Forskarane har gjort det mogleg  for samfunnet å handtere pandemien, og å finne ein veg ut av den."
Les mer …
"Dei har høg kompetanse og fagkunnskap, og er like viktige for verdiskapinga som verfta og oljen. Dei er uunnverlege for barna våre, for tryggleiken vår, for helsa vår og for framtida vår. Utan dei uunnverlege stoppar Noreg." 
Les mer …